Grøn kjemi
Nye legemiddel, biodrivstoff og skuddsikre vestar. Kjemien har gitt menneska nye moglegheiter, men me er sjølve ansvarlege for bruken av dei. Mange meiner grøn kjemi er vegen å gå når planeten no skal reddast.
Auken i levestandard og levealder me har sett dei siste 100 åra, er noko me mellom anna kan takka kjemien for. Kor hadde me vore utan nye hushaldsprodukt, kunstgjødsel, plast og kunstfibrar?
På den andre sida ser me no at verda lid under aukande forureining, store mengder avfall og overutnytting av ressursar. Alt dette er gjort av menneske sjølve i vår utnytting av naturen og utvikling av nye menneskeskapte produkt.
Ein er etterkvart vorte tvungen til å tenke nytt når det gjeld produktutvikling til det beste for dagens verdsbefolkning og framtidige generasjonar. Skal mottiltaka fokusera på avfallshandtering i ettertid, eller bør ein arbeide mot ein produksjon som ikkje fører med seg avfall frå byrjinga av?
Kjemiprofessor Leiv K. Sydnes kjem for å fortelja om den nye epoken i bærekraftig utvikling, den grøne kjemien, og kva me kan gjera med kjemikalia som allereie eksisterer rundt oss.
- Innledere: Leiv K. Sydnes- Professor, Kjemisk institutt, UiB
- Møteleder: Mildrid Kyte
- Arrangør: Studentersamfunnet i Bergen
- Mer informasjon


