“Barn som kommer til Norge som asylsøkere, enten alene eller med voksne, er en særlig sårbar gruppe. Regjeringen vil ha et særlig fokus på deres rettigheter og livssituasjon.” Fra Soria Moria-erklæringen, 2005
Etter valet i 2005 gjekk den raudgrøne regjeringa inn for å føra ein human asylpolitikk med særleg omsyn til barns rettar. Dei varsla innstrammingstiltaka etter valet i haust representerer derimot ei tydeleg toneendring i asylpolitikken. Er dette eit svik mot asylbarna?
I tråd med europeisk asylpolitikk har regjeringa mellom anna opna for at barn kan bli sendte tilbake til andre europeiske land der dei tidlegare har opphalde seg. Til dømes kan barn bli sendte til Hellas, eit land som har fått sterk kritikk for si handsaming av asylsøkjarar. Einslege mindreårige asylsøkjarar risikerer å bli sende ut av Noreg den dagen dei fyller 18 år, og har framleis ikkje rett til omsorg gjennom barnevernet etter fylte 16 år. Det har i tillegg vorte vanskelegare å gjenforeina splitta familiar.
Ein opnar no i større grad for å gå bort frå tilrådingane frå FN sin høgkommisær for flyktningar. FN sin konvensjon om barnerettar står ifølje norsk lov over nasjonal lovgjeving. Regjeringa vert kritisert, mellom anna av Redd Barna, for å la innvandringspolitiske omsyn gå framom barna sine retta slik dei framgår av barnekonvensjonen. Tek regjeringa sin asylpolitikk nok omsyn til barna sine rettar?